Gå til innhold

Om dette repoet

Bakgrunn

Dette repoet er utvikla av Brønnøysundregistrene med mål om å bli ein nasjonal ressurs for arbeid med informasjonsmodellering, i tråd med Digdirs Rammeverk for informasjonsforvaltning.

Det skal gjere det enklare for offentlege verksemder og næringsliv å modellere, validere og publisere begreps- og informasjonsmodellar etter norske og europeiske standardar (DCAT-AP-NO, SKOS-AP-NO m.fl.), og å dele felles verktøy og modellar på tvers av organisasjonar.

Dette repoet stimulerer samarbeid og deling gjennom standardiserte formater, felles verktøy og en felles infrastruktur etter prinsippet "Lett å gjere rett!"

Ikkje minst legges det tilrete for å eksportere modeller og data på W3C-semantiske format som saman med bruk av offentlige ontologiar og felles begrep gjer at dataene blir innebygd lenkbare på tvers av datasett.

Kontakt

Repo-administrator: Audun Vindenes Egge (ave@brreg.no)

Bidra og gje tilbakemelding

  • GOVERNANCE.md — roller, myndigheit og korleis avgjerder vert tekne
  • CONTRIBUTING.md — korleis du bidrar med modellar, feilretting eller verktøyutvikling
  • Opne eit GitHub Issue — for feilrapportering, spørsmål eller forslag til nye modellar/funksjonalitet
  • SECURITY.md — korleis du rapporterer sikkerheitssårbarheiter

Lisens

Dette repoet er lisensiert under MIT-lisens. Dei enkelte modellane har egne lisensar for bruk — sjå license-feltet i det einskilde skjemaet.

Attribusjoner

Dette repoet bygger og publiserer containerbilete (ghcr.io/brreg/linkml-local, mcp-linkml-validator, mcp-linkml-modell-utkast, mcp-linkml-begrep-utkast m.fl.) og denne dokumentasjonsportalen ved hjelp av følgjande tredjepartsverktøy. Verktøy som berre brukast internt i CI eller lokalt byggesteg — og aldri bundlast i eit publisert containerbilete eller i den publiserte portalen — er utelatne.

Verktøy Lisens Brukt til
LinkML Apache License 2.0 Skjemavalidering og -generering
rdflib BSD 3-Clause License RDF-prosessering
Graphviz Eclipse Public License 2.0 ER-diagramgenerering
PyYAML MIT License YAML-prosessering
pytest MIT License Testing
openapi-spec-validator Apache License 2.0 OpenAPI-validering
avrotize MIT License Skjemakonvertering (Avro/XSD m.fl.)
AsyncAPI CLI Apache License 2.0 AsyncAPI-spesifikasjonsgenerering
Python PSF License 2.0 Køyretidsmiljø i containerbileta
mkdocs-material MIT License Tema for denne dokumentasjonsportalen

Fullstendig oversikt over alle verktøy som er vurdert — inkludert dei som ikkje krev attribution, og kvifor — finst i specs/done/verktoy-lisensoversikt.md.